Kva er ytingspensjon?

Ytingspensjon er ei tenestepensjonsordning der pensjonen  saman med ein anteken pensjon frå folketrygda –  skal utgjera ein  bestemd prosent av sluttlønn.

Pengane er dine, men du får ikkje byrja å bruka dei før du er 62 år. Pensjon frå jobben, pluss standardberekna pensjon frå folketrygda skal til saman utgjera ein viss prosentdel av lønna du har når du sluttar. Pensjonsnivået varierer avhengig av kor god ordning det er på jobben hos deg. Alle tilsette som har fylt 13 år skal vera med i pensjonsordninga.

Som for alle tenestepensjonsordningarTjenestepensjon er pensjon fra jobben. Arbeidsgiver plikter å betale inn til pensjonen din. Du kommer til å få tjenestepensjon både fra nåværende og tidligere arbeidsgivere.
Mer om Tjenestepensjon
er maksimal lønn som tel med på 12 G (ca. kr 1.420.000,-). Har du ytingspensjon må du ha minimum 30 år i ordninga og vera 67 år for å kunna få fulle ytingar. Har du mindre enn 30 år i ordninga, blir pensjonen avkorta.

Døme på ytingspensjon:
Arbeidsgivaren din har ytingspensjon, og ytingsnivået er 65 prosent. Summen av den standardberekna pensjonen din frå folketrygda og tenestepensjon frå jobben skal då berekningsmessig vera 65 prosent av den lønna du har når du sluttar. Berekninga blir likevel basert på frådrag for ei standardberekna folketrygd, altså ikkje din faktiske, individuelle folketrygd. Etter pensjonsreforma får dei fleste langt lågare årleg alderspensjon frå folketrygda enn den som er føresett i berekninga av ytingspensjon. Dette inneber at ein svært sjeldan får ein totalpensjon tilsvarande det totale ytingsnivået som prosentsatsen skulle bety. Var lønna då du slutta ca. 450.000,- kroner,  vil summen av berekna folketrygd og tenestepensjonen totalt utgjera i underkant av 300.000.

Utbetalingsreglar

Du kan ta ut pensjonen frå du er 62 år, men då blir det årlege pensjonsbeløpet lågare, sidan pensjonen skal betalast ut over lengere tid.

Ytingspensjon i privat sektor er vanlegvis livsvarig. Det betyr at han blir betalt ut månadleg, resten av livet, frå det tidspunktet du byrjar å ta ut pensjon. 

  • Utbetalingstida kan setjast ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 30 prosent av grunnbeløpet til folketrygda. Dette kan selskapet gjera utan avtale med deg.
  • Du kan krevja at utbetalingstida blir sett ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 50 prosent av grunnbeløpet til folketrygda.
  • Du og pensjonsselskapet kan avtala at utbetalingstida blir sett ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 100 prosent av grunnbeløpet til folketrygda.

Hos norskpensjon.no får du oversikt over ytingspensjonen din

“Jobbar du ein stad der det er ytingspensjon, er det altså den endelege pensjonsytinga du får som pensjonist som er fast, og ikkje det årlege pensjonsinnskotet som arbeidsgivar betaler.”

  • Kor mykje får du i pensjon?

    Storleiken på endeleg tenestepensjon vil vera avhengig av

    • Kor mange år du er med i pensjonsordninga
    • Kor høgt ytingsnivået i ordninga er (til dømes 65 prosent av lønn)
    • Lønna di. Pensjonsinnskot skjer på basis av lønn opp til 12 G
    • Kor gammal du er når du tek ut pensjon. Du må minimum vera 62 år for å kunna ta ut pensjonen
  • Når kan eg ta ut ytingspensjonen?

    Uttak av ytingspensjon kan skje tidlegast frå 62 år. Tidleg uttak gir lågare årlege pensjonsbeløp. Alderspensjon frå ytingspensjon er vanlegvis ei livsvarig yting.

  • Kva skjer viss du døyr?

    • Dine etterlatne vil ikkje arva eventuell resterande ytingsbasert alderspensjon, desse midlane går i tilfelle tilbake til forsikringsfellesskapet.
    • Arbeidsgivar kan i likevel ha ei barnepensjonsforsikring. Barn under 21 år vil då få ein pensjon etter deg.
    • Arbeidsgivar kan i tillegg også ha ei ektefellepensjonsforsikring. Ektefelle vil då få ein pensjon etter deg. I mange ordningar er også sambuar omfatta.
  • Kva skjer når eg sluttar i jobben?

    Når du sluttar i ein jobb der det er ytingspensjon får du med deg dei opptente pensjonsrettane dine i ein såkalla fripolise som spesifiserer kva garanterte ytingar du har krav på frå pensjonsalder (67 år). Du får berre med deg pensjonsoppteninga i ein fripolise dersom du har vore tilsett i bedrifta i minst 12 månader. Fripolisar gir garanterte pensjonsytingar. Les meir om fripolisar her.

    Enkelte pensjonsselskap tilbyr kundane sine å gjera om fripolisar med garanterte ytingar til fripolisar med investeringsval. Les meir om fripolisar med investeringsval her.

  • Blir ytingspensjonen redusert viss du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon?

    Ytingspensjonen blir ikkje redusert sjølv om du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon. Du kan ha uavgrensa med arbeidsinntekt ved sida av ytingspensjonen.