Du kan angra ved kjøp av finansielle tenester
Angrar du etter å ha kjøpt finansielle tenester, er det mange som kan hjelpa deg.
Opphavsrett: Microsoft Office Online
Av: Finansportalen
30. november 2009
sist revidert 23 oktober 2015
Lytt til marknadsåtvaringar frå Finanstilsynet
Viss Finanstilsynet blir kjent med namngitte aktørar som opererer i marknaden utan løyve, blir publiserte marknadsåtvaringar på Finanstilsynets nettsider. Finanstilsynet publiserer også marknadsåtvaringar frå andre lands tilsynsmakter.
Kvar kan du klaga på kjøp av finansielle tenester?
Den første du bør klaga til er den du har kjøpt tenesta av. Klaga bør vera skriftleg og adressa til banken finn du ofte på nettsidene til bankane under “Om oss” eller “Kontakt oss”. Nokon bankar og forsikringsselskap har også eigne kundeombod som behandlar klager. Lenkje til nettsidene til bankane finn du i barometera våre.
Viss klaga ikkje fører til løysing
Dersom saka ikkje løyser seg ved den skriftlege klaga di, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda. Sekretariatet til nemnda gir deg råd, både munnleg og skriftleg, og kan hjelpa deg vidare med klaga di.
Belasta for feil beløp eller ukjend transaksjon på ditt bank- eller kredittkort
Kontakt kortutferdar så snart som mogleg, viss du meiner du har vorte belasta for eit feilaktig beløp eller ikkje vedkjenner deg transaksjonar kortet ditt har vorte belasta for.
Du må då retta eit krav mot kredittytar med heimel i Finansavtalelovens § 54b (tidlegare kredittkjøpslovas § 8).
Finansavtalelovens § 54b gir deg rett til å fremja pengekrav for mangelfull vare eller teneste mot kredittytar, viss seljar ikkje varetek forpliktingane sine. For at du skal kunna fremja eit slikt krav etter Finansavtalelovens § 54b, må fire moment vera innfridde;
- 1. Du må ha handla på kreditt.
- 2. Du må ha handla hos ein næringsdrivande.
- 3. Det må liggja føre ein feil eller mangel ved varet eller tenesta som du har kjøpt.
- 4. Du må ha prøvd å løysa saka hos seljar først.
- Viss alle desse fire momenta er oppfylte kan du: Klage til kredittytar.
Klaga på kjøp av bank- eller forsikringstenester frå utlandet
FIN-NET er eit EØS-samarbeid for behandling av grenseoverskridande utanomrettslege klagar på bank- og forsikringstenester. Dette er basert på eit initiativ frå EU-kommisjonen. Tanken bak samarbeidet er å sikra forbrukarar like klagemoglegheiter i utlandet som i heimlandet, og på den måten prøva å fremja grenseoverskridande handel av finansielle tenester. Finansklagenemnda (FinkN) er Noregs representantar i FIN-NET.