Fripolise med garanti

Fripolisar er pensjon frå tidlegare arbeidsgivar som hadde ytelsespensjonTjenestepensjonsordning der pensjonen skal utgjøre en  bestemt prosent av sluttlønn.
Mer om Ytelsespensjon
. Fripolisar som blir utskrivne har i utgangspunktet ei garantert yting, det vil seia ein garantert årleg alderspensjonAlderspensjon er penger du har krav på når du har nådd en viss alder og består av tre deler: alderspensjon fra staten (folketrygden), fra arbeidsgiver (privat og offentlig tjenestepensjon) og den pensjonen som du eventuelt har spart opp selv.
Mer om Alderspensjon
basert på ein garantert rente (ca. 3-4 %).  Dette inneber at den årlege pensjonsytinga ikkje kan reduserast, men også at ein ikkje får noka oppregulering utan at den faktiske avkastinga overstig den garanterte renta. 

Fripolisar med garantert avkasting kan for tida ikkje flyttast mellom selskap.

Fripolisar blir utskrivne i følgjande situasjonar:

  • Når du sluttar i ei privat bedrift som har ein ytingspensjon
  • Når arbeidsgivaren din vel å avslutta ytingspensjonen og gå over til ei anna tenestepensjonsordning, vanlegvis innskuddspensjonJobber du et sted hvor det er innskuddspensjon, investerer arbeidsgiver hvert år en prosentandel av lønnen til din pensjon. Avkastningen på disse innskuddene avgjør hvor stor din pensjonsinntekt blir.
    Mer om Innskuddspensjon

Pensjonen frå fripolisane kjem i tillegg til folketrygdenFolketrygden er en obligatorisk forsikringsordning for alle som er bosatt i Norge. Folketrygden gir økonomisk stønad ved sykdom, svangerskap og fødsel, arbeidsløshet, alder, uførhet, dødsfall og tap av forsørger.
Mer om Folketrygden
og eventuelle andre pensjonsordningar, og vil ikkje bli redusert sjølv om du har andre pensjonar. Pensjon frå fripolisar er vanlegvis livsvarig.

Fripolisane er ulike og inneheld ulike rettar. Dei beste fripolisane inneheld rett til både alderspensjon, uførepensjon, barnepensjon og etterlattepensjon. Nokre fripolisar inneheld likevel berre rett til alderspensjon.

Uførepensjon i fripolisen

Medan barnepensjon og etterlattepensjon kjem automatisk, må uførepensjon krevjast. Det er viktig at dine næraste veit kva fripolisar du har, og kva rettar dei inneheld.

Logg på www.norskpensjon.no og sjå kva forsikringsdekningar fripolisen din har. Dersom oversikta til Norsk Pensjon ikkje viser uføre-, barne- og etterlattepensjon, kan du venda deg direkte til selskapet og spørja kva forsikringsdekningar fripolisen din inneheld.

Når kan du ta ut pensjonen frå ein fripolise?

  • Pensjon frå fripolisar kan tidlegast takast ut frå fylte 62 år.
  • Fripolisar med garantert avkasting gir vanlegvis livsvarige utbetalingar.
  • For mange fripolisar kan utbetalingsperioden bli forkorta. Dette gir større årlege utbetalingar, men over kortare tid. Reglane for dette er som følgjer:
    • Utbetalingstida kan setjast ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 30 prosent av grunnbeløpet til folketrygda. Dette kan selskapet gjera utan avtale med deg.
    • Du kan krevja at utbetalingstida blir sett ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 50 prosent av grunnbeløpet til folketrygda.
    • Du og pensjonsselskapet kan avtala at utbetalingstida blir sett ned til det talet på heile år som er nødvendig for at samla årleg alderspensjon utgjer om lag 100 prosent av grunnbeløpet til folketrygda.

Kva skjer viss du døyr?

  • Nokre fripolisar inneheld rett til etterlatne- og barnepensjon. I så fall får ektefelle, i ein del tilfelle også sambuar, og barn under 18 år (21 år) ein pensjon.
  • Andre fripolisar inneheld ingen rett til etterlatne- og barnepensjon. I så fall går ubetalt pensjon tilbake til forsikringskollektivet.

Skattereglar

  • Det er ingen formuesskatt på sparesaldoen i fripolisen
  • Når fripolisen blir utbetalt, betaler du pensjonsskatt på dei årlege utbetalingane

Små fripolisar kan gjerast om til IPS (gammal ordning) med fritt investeringsval

Er opptent premiereserve knytt til alderspensjon mellom 50 og 150 prosent av grunnbeløpet til folketrygda, kan du krevja at premiereserven og ein forholdsmessig del av tilleggsavsetningar blir overførte til anna føretakspensjonsordning eller individuell pensjonsavtale etter lov 27. juni 2008 nr. 62 om individuell pensjonsordning (IPS – gammel ordning).

Her får du oversikt over pensjon frå tidlegare arbeidsgivarar i privat sektor (innlogging Norsk Pensjon)

Gå til norskpensjon.no
Kva er fripolise med investeringsval?

Blir pensjon frå fripolisen redusert viss eg tener pengar samtidig med at eg tek ut pensjon?
Nei. Du kan ha uavgrensa med arbeidsinntekt ved sida av pensjon frå fripolisar.