Kva er fripolise med investeringsval?

Fripolise med investeringsval er pensjon frå tidlegare arbeidsgivar som hadde ytingspensjon, der eigaren av fripolisen har valt å seia frå seg ei garantert avkasting, som regel på 3-4 %, i byte mot høvet til sjølv å kunna velja spareprofil på pengane som står i fripolisen.

Dette gjer at avkastinga kan bli høgare enn den garanterte avkastinga. Samtidig aukar risikoen og avkastinga kan også bli lågare enn den garanterte, eller negativ. Det er ingen garanterte avkasting på fripolisar med investeringsval.

Vurderer du å byta til fripolise med investeringsval? No kan du bruka vår unike fripolisekalkulator som gir deg eit anslag på kva verdien av garantien er verd. Dermed får du eit betre avgjerdsgrunnlag når du skal bestemma deg. Klikk her for å gå til fripolisekalulatoren “Verdien av garantien”.

Fripolisar med fritt investeringsval kan flyttast mellom selskapa. Fripolisar med garantert avkasting kan for tida i praksis ikkje flyttast frå eitt selskap til eit anna.

Ikkje eit enkelt val

Enkelte selskap tilbyr kundane sine å gå over til fripolise med investeringsval. Eit slikt val krev nøye vurderingar. Du bør søkja rådgiving før du gir frå deg ei garantert avkasting. Valet er bindande. Du kan ikkje gå tilbake til garantert avkasting når du først har valt det bort.

Før du går over til fritt investeringsval, skal selskapet gi deg skriftlege døme som viser kor stor årleg avkasting fripolisen må ha for å oppnå bestemde pensjonsytingar. Dei skal også visa kor sannsynlege og usikre dei ulike utfalla er. Det skal takast omsyn til alder og kjønn, gebyr osb. Eksempla skal vera relevante, realistiske og ikkje villeiande. Risiko og uvisse skal komma klart fram i presentasjonen av døma.

Viss du går over til fritt investeringsval, er det berre den kapitalen som er knytt til alderspensjon som kan overførast til spareprofilen du ønskjer. Eventuell kapital som er avsett til uføre-, ektefelle- og barnepensjon, kan ikkje overførast og beheld derfor dei garanterte ytingane.

Når blir fripolisar utskrivne?

Fripolisar er pensjon frå tidlegare arbeidsgivar som hadde ytingspensjon. Fripolisar som blir utskrivne har i utgangspunktet ei garantert yting, det vil seia ein garantert årleg alderspensjon basert på ein garantert rente (ca. 3-4 %).

Fripolisar blir utskrivne i følgjande situasjonar:

  • Når du sluttar i ei privat bedrift som har ein ytingspensjon
  • Når arbeidsgivaren din vel å avslutta ytingspensjonen og gå over til ei anna tenestepensjonsordning, vanlegvis innskotspensjon

Pensjonen frå fripolisane kjem i tillegg til alderspensjon frå folketrygda og eventuelle andre pensjonsordningar, og vil ikkje bli redusert sjølv om du har andre pensjonar. Pensjon frå fripolisar er vanlegvis livsvarig.

Fripolisane er ulike og inneheld ulike rettar. Dei beste fripolisane inneheld rett til både alderspensjon, uførepensjon, barnepensjon og etterlattepensjon. Nokre fripolisar inneheld likevel berre rett til alderspensjon.

Uførepensjon i fripolisen

Medan barnepensjon og etterlattepensjon kjem automatisk, må uførepensjon krevjast. Det er viktig at dine næraste veit kva fripolisar du har, og kva rettar dei inneheld.

Logg på www.norskpensjon.no og sjå kva forsikringsdekningar fripolisen din har. Dersom oversikta til Norsk Pensjon ikkje viser uføre-, barne- og etterlattepensjon, kan du venda deg direkte til selskapet og spørja kva forsikringsdekningar fripolisen din inneheld.

Blir pensjon frå fripolisen redusert viss eg tener pengar samtidig med at eg tek ut pensjon?
Nei. Du kan ha uavgrensa med arbeidsinntekt ved sida av pensjon frå fripolisar.

Når kan du ta ut pensjonen frå ein fripolise?

  • Pensjon frå fripolisar kan tidlegast takast ut frå fylte 62 år.
  • Fripolisar med garantert avkasting gir vanlegvis livsvarige utbetalingar.
  • Store fripolisar med fritt investeringsval skal også ha livsvarige utbetalingar. For mindre fripolisar som blir bytte til fripolise med investeringsval vil utbetalingsperioden bli forkorta. Dette gir større årlege utbetalingar, men over kortare tid.

Kva skjer viss du døyr?

  • Nokre fripolisar inneheld rett til etterlatne- og barnepensjon. I så fall får ektefelle, sambuar og barn under 18 år (21 år) ein pensjon.
  • Andre fripolisar inneheld ingen rett til etterlatne- og barnepensjon. I så fall går ubetalt pensjon tilbake til forsikringskollektivet.

Skattereglar

  • Det er ingen formuesskatt på sparesaldoen i fripolise
  • Når fripolisen blir utbetalt, betaler du pensjonsskatt på dei årlege utbetalingane

Logg på www.norskpensjon.no 0g få oversikt over fripolisane dine og annan pensjon frå tidlegare arbeidsgivarar i privat sektor.

Ta Gebyrsjekken Fripolise med investeringsval