Kva er hybridpensjon?

Jobbar du ein stad der arbeidsgivar har valt hybridpensjon, betaler arbeidsgivar kvart år ein prosentdel av lønna di inn til pensjonen din.

Pengane er dine, men du får ikkje bruka dei før tidlegast når du er 62 år. Hybridpensjon har element i seg frå både innskuddspensjonJobber du et sted hvor det er innskuddspensjon, investerer arbeidsgiver hvert år en prosentandel av lønnen til din pensjon. Avkastningen på disse innskuddene avgjør hvor stor din pensjonsinntekt blir.
Mer om Innskuddspensjon
og ytelsespensjonTjenestepensjonsordning der pensjonen skal utgjøre en  bestemt prosent av sluttlønn.
Mer om Ytelsespensjon
– derav namnet hybridpensjon. Alle tilsette som har fylt 13 år skal vera med i pensjonsordninga.

Innskotssatsane varierer frå arbeidsstad til arbeidsstad, men må halda seg innanfor følgjande rammer:

  • Årleg innskot skal minst utgjera 2 prosent av lønn opp til 12 G.
  • Dei maksimale satsane arbeidsgivar kan avsetja til pensjon er 7 prosent av all lønn opptil 7,1 G, og 25,1 prosent av lønn mellom 7,1 og 12 G.

Ettersom kvinner statistisk lever lenger enn menn, skal arbeidsgivar også betala eit tillegg for kvinner. Kvinnetillegget er meint å sørgja for at forventa årleg pensjon skal vera lik for kvinner og menn. Det er arbeidsgivar som betaler kostnadene knytt til pensjonsordninga. Det er også arbeidsgivaren som bestemmer kva type hybridpensjon som gjeld i arbeidsforholdet.

Arbeidsgivar kan velja mellom tre ulike typar hybridpensjon, som gir ulike måtar å regulera pensjonsoppteninga på. Dei ulike typane hybridpensjon er:

  • G-regulering, som betyr at pensjonsbehaldninga di stig i takt med auken i grunnbeløpet til folketrygda (G). G blir regulert i tråd med lønnsutviklinga i samfunnet.
  • 0-garanti, som betyr at pensjonsplasseringane dine ikkje kan gi tap frå år til år (minste årlege avkasting skal vera lik 0%)
  • Fritt investeringsval, som betyr at pensjonen din stig og søkk i takt med utviklinga i dei fonda spareprofilenSpareprofilen angir hvordan din sparesaldo forvaltes.
    Mer om Spareprofil
    din inneheld.

Hos norskpensjon.no får du oversikt over hybridpensjonen din

Grunnbeløpet til folketrygda

Frå 1. mai 2023 er G lik 118 620 kroner.

  • Kor mykje får du i pensjon?

    Storleiken på endeleg pensjon vil vera avhengig av

    • Kor mange år du jobbar
    • Kor høge innskotssatsar det er på jobben
    • Lønna di. Pensjonsinnskot skjer på basis av lønn opp til 12 G
    • Kor høg avkasting – eventuelt garantert G-regulering – du har fått på innskota
  • Når kan eg ta ut hybridpensjonen? Og kor lenge får eg utbetaling?

    Pensjonen kan utbetalast frå tidlegast 62 år. Utbetalinga er vanlegvis i utgangspunktet livsvarig. Utbetalinga kan også vera tidsavgrensa. I så fall skal pensjonen som hovudregel blir utbetalt minimum til fylte 80 år og minimum i 10 år. Har du ei ordning med tidsavgrensa utbetalingstid, kan du krevja å få denne omgjort til livsvarig utbetalingstid.

    Uavhengig av om pensjonen i utgangspunktet er etablert som livsvarig eller stansande, er det normalt slik at utbetalingstida blir sett ned til det talet på år som er nødvendig for at årleg pensjon utgjer om lag 30 % av G.

  • Kva skjer med hybridpensjonen viss eg døyr?

    Dei etterlatne får ingen ting. Om ein person døyr i spareperioden – medan ein er i jobb – så går den oppsparte kapitalen tilbake til forsikringskollektivet og blir tilført dei attlevande i ordninga. Det same gjeld viss ein person døyr i utbetalingsperioden, då vil resterande midlar bli tilført forsikringskollektivet.

  • Kva skjer med hybridpensjonen når eg sluttar i jobben?

    Når du sluttar i ein jobb der det er hybridpensjon vil du få utskrive eit pensjonsbevis som viser dine opparbeida pensjonsrettar etter arbeidsforholdet. Utferding av pensjonsbevis føreset at du har vore tilsett i minst 12 månader. Ved kortare tilsetjingsforhold vil du ikkje få med deg pensjonsoppteninga frå arbeidsforholdet.

  • Blir hybridpensjonen redusert viss du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon?

    Hybridpensjonen blir ikkje redusert sjølv om du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon. Du kan ha uavgrensa med arbeidsinntekt ved sida av hybridpensjonen.