Kva er innskotspensjon?

Jobbar du ein stad der det er innskotspensjon, betaler arbeidsgivar kvart år ein prosentdel av lønna til pensjonen din. Pengane er dine, men du får ikkje bruka dei før tidlegast frå du er 62 år.

Kor stor prosentdel av lønna di pensjonsinnskotet svarer til, kjem an på kor god pensjonsordning arbeidsgivar har valt å ha. Innskotssatsane for årleg pensjonsinnskot varierer frå arbeidsstad til arbeidsstad, men må halda seg innanfor følgjande rammer:

  • Årleg innskot skal minst utgjera 2 prosent av lønn opp til 12 G.
  • Dei maksimale satsane arbeidsgivar kan avsetja til pensjon er 7 prosent av all lønn opptil 7,1 G, og 25,1 prosent av lønn mellom 7,1 og 12 G.

Det er arbeidsgivar som betaler gebyra knytt til pensjonsbehaldninga som stammar frå noverande arbeidsforhold. Alle tilsette som har fylt 13 år skal vera med i pensjonsordninga.

Eigen pensjonskonto gir deg nye valmoglegheiter

I 2021 fekk 1,5 millionar nordmenn sin eigen pensjonskonto, der pensjonsopptening frå både noverande og tidlegare jobbar samlast på ein stad. Ordninga gjeld for tilsette i private bedrifter som har innskotspensjon.  Pensjonsoppteninga samlast i utgangspunktet automatisk hos din arbeidsgivars pensjonsleverandør, viss ikkje du reserverer deg mot ei slik samling. Du kan sjølv bestemma kva pensjonsselskap du ønskjer å nytta til Eigen pensjonskonto, og kva spareprofil du ønskjer å ha på pensjonsbehaldninga di. Ta kontakt med pensjonsselskapet du ønskjer å nytta for nærare råd om val av spareprofilSpareprofilen angir hvordan din sparesaldo forvaltes.
Mer om Spareprofil
som passar for deg og din situasjon.
Sjå oversikt over selskap og les meir om Eigen pensjonskonto..

Sjå selskap og spareprofilar for Eigen pensjonskonto her

Hos norskpensjon.no får du oversikt over innskotspensjonen din og Eigen pensjonskonto

Grunnbeløpet til folketrygda

Frå 1. mai 2023 er G lik 118 620 kroner.

  • Kor mykje blir sett av til pensjonen min?

    Arbeidsgivaren din innbetaler eit pensjonsinnskot som ein prosentdel av lønna di. Kor stor prosentdelen er, kjem an på kor god pensjonsordninga di arbeidsgivar har valt å ha. Innskotssatsane for årleg pensjonsinnskot varierer frå arbeidsstad til arbeidsstad, men må halda seg innanfor følgjande rammer:

    • Årleg innskot skal minst utgjera 2 prosent av lønn opp til 12 G.
    • Dei maksimale satsane arbeidsgivar kan avsetja til pensjon er 7 prosent av all lønn opptil 7,1 G, og 25,1 prosent av lønn mellom 7,1 og 12 G.

    Det er arbeidsgivar som betaler kostnadene knytt til pensjonsordninga, så lenge du er tilsett. Pensjonskontoen din vil derfor få tilført heile avkastinga (brutto avkasting) frå den valde spareprofilen din, så lenge du er tilsett. Du bestemmer sjølv kva spareprofil du vil ha på innskotspensjonen din og kva pensjonsselskap du ønskjer å ha pensjonsbehaldninga di hos. Sjå oversikt over aktuelle selskaper her.

  • Kor mykje får eg i pensjon frå innskotspensjonen min?

    Storleiken på endeleg pensjon vil vera avhengig av

    • Kor mange år du jobbar
    • Kor høge innskotssatsar det er på jobben
    • Lønna di. Pensjonsinnskot skjer på basis av lønn opp til 12 G
    • Kor høg avkasting du har fått på pensjonsinnskota. Altså kva avkasting din valde spareprofil har gitt
    • Kor mange år du vel å fordela pensjonsutbetalinga over

    Logg på hos Norsk Pensjon for å få oversikt over sparesaldo på innskotspensjonen din.

  • Når kan eg ta ut innskotspensjonen?

    Du kan tidlegast ta ut pensjonen frå du er 62 år. Pensjonen skal utbetalast minst 10 år og minimum til du fyller 77 år. Dette gir minimum 15 års utbetalingstid viss du startar utbetaling ved 62 år. Utbetalingstida blir likevel sett ned til det antall år som er nødvendig for at årleg alderspensjon skal utgjera ca. 20 % av G (grunnbeløpet til folketrygda). I desse tilfella vil du få ein høyrere utbetaling (ca. 20% av G), men over færre år.

  • Kva skjer viss eg døyr?

    Viss du døyr før innskotspensjonen er ferdig utbetalt, går resten av pensjonen til familien din. Familien arvar også oppspart kapital viss du døyr i spareperioden, altså medan du er tilsett. Barn under 21 år har rett til ein årleg barnepensjon tilsvarande 1 G (grunnbeløpet til folketrygda) fram til dei fyller 21 år. Ektefelle, sambuar eller registrert partnar får resten som blir utbetalt som pensjon over minimum 10 år. Er det ikkje ektefelle, sambuar eller registrert partnar går resten til dødsbuet som eit eingongsbeløp og blir dermed fordelt mellom arvingane etter reglane i arvelova og testamente.

  • Kva spareprofil skal eg velja?

    Du kan sjølv velja spareprofil for innskotspensjonen din. Val av spareprofil vil påverka avkastinga på pensjonsbehaldninga. Standardprofilane blir gjerne kategoriserte som forsiktig, moderat og offensiv spareprofil, avhengig av kor høg aksjeandelen er. Jo høgare aksjeandel, desto høyrere risiko og forventa avkasting.  Vanlegvis har arbeidsgivar opphavleg valt ein såkalla aldersstilpassa spareprofil som oppstartprofil for sine tilsette. Det betyr at pengane er plasserte med ein høg aksjeandel medan du er ung, men at aksjeandelen gradvis blir redusert automatisk fram mot pensjonsalder på 67 år. Ver merksam på at enkelte selskap startar nedvektinga av aksjar i alderstilpassande pensjonsprofilar allereie frå 47 år. Det bør alltid gjerast ei individuell vurdering av når du ønskjer å starta ei eventuell nedvekting av aksjeandel i pensjonssparinga, og for mange vil det vera ønskjeleg å halda oppe ein høg aksjeandel lengere enn dei standardiserte alderstilpassa spareprofilane legg opp til. For å gjera endringar må du ta eit aktivt val. Du kan velja spareprofilar hos din noverande arbeidsgivars pensjonsleverandør, eller du kan velja spareprofilar og fond hos ein annan leverandør. Høvet til å velja ein såkalla sjølvvald leverandør for innskotspensjon vart innført i 2021, som ein del av innføringa av ordninga med Eigen pensjonskonto.

    Sjå selskap og spareprofilar her

  • Kan eg få høg avkasting og låg risiko?

    Hugs at risiko og forventa avkasting heng saman. Høg og låg risiko betyr at aksjeandelen i spareprofilen er høvesvis høg og låg. Vel du å ta låg risiko, må du forventa å få låg avkasting. Vel du høg risiko, kan avkastinga bli høg. Avkastinga vil variera frå år til år og kan bli negativ i enkelte periodar. Dette kan typisk skje når risikoen er høg.

    Risiko betyr at avkastinga svingar; ho varierer frå kva du typisk kan forventa. Over tid kan du likevel forventa at avkastinga frå aksjemarknaden er høgare enn frå risikofrie plasseringar som bankinnskot. Dette betyr at:

    • Viss det er lenge til du skal leva av pengane (hugs: tidlegast frå du fyller 62 år), kan du ta høgare risiko på pensjonssparinga. Då blir avkastinga du kan forventa å få høgare.
    • Viss det er kort tid igjen til du skal leva av pengane, kan det vera lurt å velja låg risiko på sparinga, så ikkje kortsiktige svingingar i aksjemarknaden påverkar pensjonen din ved utbetaling.
    • Fleire av pensjonsselskapa tilbyr alderstilpassa spareprofilar. Typisk for desse er at aksjeandelen blir redusert automatisk fram mot pensjonsalder for å redusera risiko.

    Ta kontakt med pensjonsselskapet ditt for nærare råd om val av spareprofil som passar for deg og din situasjon.

    Sjå selskap og spareprofilar her

  • Kva skjer med innskotspensjonen når eg sluttar i jobben?

    Når du sluttar i ein jobb, får du med deg pensjonen som er opptent medan du ar vore tilsett. Pensjonsselskapet utskriv eit såkalla pensjonskapitalbevis når du sluttar i jobben. Det er du som bestemmer kven som skal ta vare på pensjonspengane som ligg i pensjonskapitalbeviset ditt. Viss du byrjar i ny jobb hos ein arbeidsgivar som har innskotspensjon vil du omfattast av ordninga med Eigen pensjonskonto.

    Les meir om pensjonskapitalbevis

  • Blir innskotspensjonen redusert viss du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon?

    Innskotspensjonen blir ikkje redusert sjølv om du tener pengar samtidig med at du tek ut pensjon. Du kan ha uavgrensa med arbeidsinntekt ved sida av innskotspensjonen.