Nedbetaling av gjeld som sparing

Før du eventuelt investerer i eit finansielt produkt som sparing til pensjon, bør du alltid spørja deg om du heller burde nedbetala på gjeld først.

Det er nemleg nokre enkle samanhengar og forhold som det er viktig å vera merksam på:

  • Nedbetaling av gjeld gir sikker avkasting!
  • Viss du nedbetaler på gjeld, vil avkastinga på sparinga vera lik lånerenta på gjelda som blir nedbetalt
  • Nedbetal alltid den dyraste gjelda først. Det er altså gjelda med høgast rente som skal nedbetalast først. Dette vil som regel alltid vera kredittkortgjeld og anna forbruksgjeld (utan pant i fast eigedom)
  • Privatøkonomien din blir mindre sårbar jo lågare gjeld du har
  • Først når du har kvitta deg med kredittkortgjeld og anna forbruksgjeld kan du vurdera å investera i finansielle produkt som sparing til pensjon
  • Det produktet du måtte investera i må ha ei forventa avkasting som er høgare enn den høgaste lånerenta din. Viss ikkje det er tilfellet, vil du måtta forventa å tapa pengar.
  • Det er betre å nedbetala gjeld enn å investera i rentefond eller spareprofilar med låg risiko. Forventa avkasting frå rentefond er som regel lågare enn lånerenta.

Viss du nedbetaler på gjeld, vil avkastinga på sparinga vera lik lånerenta på gjelda du nedbetaler