Dette påverkar forhandlingsposisjonen din

Me gir deg eit forhandlingsverktøy. Prutinga, eller bankbytet, må du framleis gjera sjølv. Det er mange forhold som avgjer resultatet. Fleire kan du påverka sjølv.

Opphavsrett: Microsoft Office Online

Forhandlingane med banken treng ikkje skje ansikt til ansikt, men like gjerne over telefon, e-post eller per brev.

Av: Lasse Billington, Finansportalen.no

Med Bytt bank startar du ein forhandlingsprosess med banken. Det er likevel ikkje det same som at du automatisk vil oppnå betre vilkår, eller at ein ny bank ønskjer deg hjarteleg velkommen som kunde. Bankane vil framleis utøva godt bankhandverk når dei vurderer deg som kunde, m.a. vil dei gjennomføra ei skikkeleg kredittvurdering før du får lån.

Forhandlingsposisjonen din overfor bankane er avhengig av kor god kunde banken vurderer at du er, eller kan bli. Dette heng m.a. saman med din:

Inntekt; kor høg ho er og sikker ho er

Utdanning, ho påverkar den framtidige inntektsutviklinga di

Alder, som betyr noko for dei samla framtidsutsiktene i kundeforholdet

Tryggleiken du kan stilla for eit lån, eigenkapital ved låneopptak, og kva du elles bruker pengane dine til, speler ei rolle.

Din evne og vilje til å gjera opp for deg; har du til dømes ei historie full av betalingsmerknader? Kva med hyppige overtrekk av brukskontoen?

Ein ting som uansett er viktig å vita, er at bankane i utgangspunktet er pliktig til å oppretta eit kundeforhold til deg (dei har såkalla kontraheringsplikt). Banken kan likevel også seia opp, eller avvisa, eit kundeforhold viss det ligg føre sakleg grunn. Grunnlaget for avvising skal vera underlagt ei konkret vurdering etter objektive kriterium. Betalingsmerknader er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg i så måte, men det kan overtrekk av konto vera (det er forresten også straffbart!).

At banken ikkje kan nekta å oppretta eit kundeforhold til deg, er ikkje det same som at du får same pris som andre kundar. Her er det forhandlingsstyrke og -posisjon som gjeld!

Kategori: ,
Publisert: 19. January 2009 - sist oppdatert: 9. May 2023
Visninger: 3298