No har du som er 15 år rett til å opna bankkonto og bestilla bankkort

Frå du fyller 15 år har du no rett til å opna ein bankkonto og bestilla bankkort utan foreldres samtykke.

Opphavsrett: Colourbox

Som mindreårig kan du ikkje sjølv gjennomføra rettslege handlingar eller rå over midlane dine, med mindre noko anna er særleg bestemt. Frå 1. juli har du, som har fylt 15 år, fått større sjølvråderett ved val av bank med rett til å opna bankkonto og bestilla bankkort.

Av: Finansportalen

Tysdag 2. juli 2013

Vergemålsloven er endra, og frå 1. juli betyr det at du som har fylt 15 år har fått meir sjølvråderett ved val av bank og banktenester.

Rett til å opna bankkonto og bestilla bankkort

Frå fylte 15 år kan du no opna ein bankkonto og bestilla bankkort Debetkort er et betalingskort hvor betalinger og kontantuttak trekkes direkte fra en konto. Er kontoen tom, får vi ikke betalt med et debetkort.
Mer om Debetkort
i ein bank du sjølv veljar. På bankkontoen kan det berre stå pengar som har vorte “stilte til rådvelde” for deg frå eks. lommepengar, deltidsjobb eller liknande. Pengane kan du disponera gjennom å gjera uttak av kontantar med kortet i minibank eller belasta kortet i varekjøpsterminal for varene du har kjøpt og eventuelt også samtidig ta ut kontantar. Sidan du ikkje er myndig vil du trenga at foreldra eller verja dine godkjenner opninga av konto i banken. Dette gjera som regel i dag gjennom nettbank og bank ID.

Endringane gir deg ikkje rett til å disponera fritt over andre bankkontoar i ditt namn og du kan heller ikkje inngå avtale om nettbank eller bruk av bankkortet til betaling på nett. Til det og mykje anna vil du framleis trenga samtykke og samarbeidsvilje frå foreldra eller verjene dine. Så det vil framleis lønna seg å visa dei at du meistrar ansvar og fridom dei gir deg. Det er store prisforskjellar i marknaden, så det er lønnsamt å samanlikna før du vel banken din.

Informasjon tilpassa deg – også om kva som skjer med konto og bankkort når du blir myndig

Når du skal opna bankkonto og bestilla bankkort inngår du ein avtale med banken. For at du skal kunna ta ansvar for din del av avtalen og forstå kva avtalen går ut på må du også forstå kva avtalen inneber. Derfor har Forbrukarombodet og Finans Norge (FNO) forhandla fram nye vilkår for konto for mindreårige. Vilkåra har vorte ein del av FNOs standardavtale for banktenester, som blir brukte av dei fleste norske bankar.

Eit nytt vilkår i standardavtalen seier noko om kva som skjer når kontohaver blir 18 år og myndig. Då skal du som hovudregel fritt disponera over eigne kontoar, samtidig som foreldre eller andre verjar, som har hatt tilgang til kontoen, skal mista denne.

Kategori: ,
Publisert: 2. July 2013 - sist oppdatert: 9. May 2023
Visninger: 16376