Slik blir studielånsrenta, husbankrenta og normrenta fastsett

Frå 1. mars 2016 blir Finansportalen brukt som grunnlag for rentene i statsbankane og skatt på fordel av rimelege lån i arbeidsforhold.

Omlegginga  vart foreslått av Regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2016, og ei ny forskrift om berekninga av basisrenta og normrenta vart fastsett 18. desember 2015 Les meir hos Regjeringen.no

Basisrenta

Basisrenta avgjer utlånsrentene til Lånekassen og Husbanken, og blir fastsette med utgangpunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen.

Basisrenta utgjer det aritmetiske gjennomsnittet av dei fem lågaste prisane på bustadlån for kvart av observasjonstidspunkta i observasjonsperioden.  Uttrekket tek utgangspunkt i eit standard annuitets bustadlån på 1 500 000 kroner, innanfor 50 prosent tryggleik, med avdragstid på 30 år, ein låntakar på 45 år og for landsdekkjande marknadsområde. Basisrenta blir fastsett innan utløpet av den tiande dagen etter observasjonsperioden. Finanstilsynet publiserer basisrenta på nettsida til tilsynet.

Normrenta

Fordelen ved rimeleg lån i arbeidsforhold blir i dag skattlagd ved hjelp av ein normrentesats som blir fastsett av Skattedirektoratet seks gonger i året.

Normrenta er lik den fastsette basisrenta med eit frådrag på 0,15 prosenteiningar og deretter avrunda til næraste 0,1 prosenteining.  Normrenta blir publisert på Skattedirektoratets nettsider. Les meir hos Skatteetaten.
Publisert: 14. December 2017 - sist oppdatert: 9. May 2023
Visninger: 4374