Unngå kredittkortfella

På kredittkortfakturaen får du opplyst både kor mykje du har i samla kredittkortgjeld og kor lite du kan få lov til å betala på forfallsdato.

Opphavsrett: Microsoft Office Online

Betal opptrekt kredittKreditt er et annet ord for lån. Kreditt defineres som økonomisk tillit som gjør at man kan låne eller kjøpe varer uten å betale med en gang.
Mer om Kreditt
i sin heilskap. Betaler du ikkje ned alt du skylder, byrjar rentene å springa – og dei er høge.

Unngå kredittkortfella

1.Belast ikkje kredittkortet for meir enn du veit at du kan betala tilbake ved første forfall på kredittkortfakturaen.

2. Betal alltid alt du skylder ved første kredittkortforfall.

3. Fall ikkje for freistinga til å bruka kredittkortet til å avlasta den daglege økonomien din – brems heller forbruket.

Av: Finansportalen 

30. november 2009

Sist revidert 23. oktober 2015

Betal all kreditten på kortet med ein gong

Når kredittkortfakturaen kjem i posten kan det vera freistande å ikkje betala alt du skylder, men heller berre betala eit minstebeløp, til dømes kva banken eller kortselskapet opplyser som “minimum å betala”.   Men betaler du ikkje tilbake alt gjelda du har teke opp  med kortet, byrjar rentene å springa. For kredittkortgjeld er renta som regel over 25 prosent. Med ei rente på 25 prosent og inga nedbetaling, blir gjelda fordobla i løpet av tre år.  Har du ei kortgjeld på 50.000 kroner, og berre betaler minimumsbeløpet, endar du altså med å skylda 100.000 kroner etter tre år.

Viss du så ikkje har berre eitt, men fleire kredittkort, kan du fort vera i ein situasjon, der du sjølv synest at alle inntekter går med til å betala rekningar, kredittkort og lån.

Betal eit høgare beløp enn minstebeløp

Viss noko uventa har oppstått, slik at du er nøydd til å nedbetala kredittkortgjelda di over tid, bør du velja å betala eit så høgt beløp som mogleg. Dette gir deg kortare løpetidMed løpetid menes tiden du vil bruke på å nedbetale et lån/en kreditt. Løpetid er også et begrep som brukes om en obligasjons varighet.
Mer om Løpetid
på lånet, og dermed lågare renteutgifter.

Ved eFaktura må du hugsa å endra beløpet du skal betala til nytta kreditt

Finanstilsynet har bede bankane om å la vera å foreslå eit minstebeløp i kredittkortfakturaene. Likevel er det leverandørar som framleis foreslår minstebeløpet på e-fakturaen, som automatisk kjem opp i nettbanken. I slike tilfelle må du sjølv endra beløpet du vil betala til det som står som nytta kreditt på kredittkortfakturaen.

Ikkje auk kredittrammen eller ta opp forbrukslån for å løysa betalingsproblem

Ikkje la deg freista til å auka kredittkortramma eller ta opp mindre forbrukslån for å komma deg ut av betalingsproblem. Ta heller tak i betalingsproblema dine. Set opp eit budsjett og legg ein plan for korleis du kan løysa betalingsproblema på kort og lengre sikt.

Kategori: ,
Publisert: 30. November 2009 - sist oppdatert: 9. May 2023
Visninger: 7070